Søk i Aktiv i Oslo

Arrangementet er fullført.

The Banisher of Thought – film og trippelkonsert! hovedbilde
fredag 
19:30

The Banisher of Thought – film og trippelkonsert!

ntso

Dokumentarfilm, samtidsmusikk og fortidsmusikk i ein einaste klingande kveld. Fire sterke og høgst ulike kunstnarar gjev deg døme på arbeid som byggjer på overtonane.
Med Andreas Daugstad Leonardsen, Torgeir Vassvik, Sheriffs of Nothingness og Kenneth Lien.

Høyr; kva er det som lét så underleg kjend og underleg framand, så søtt og så skrekkeleg?

Store Norske Leksikon, definisjon:
«Overtoner, aliquottoner, de individuelle sinustoner som klinger med ved naturlig frembringelse av en enkelt tone ved hjelp av stemme eller instrument. I stedet for grunntone og overtoner kan man tale om partialtoner eller deltoner med grunntonen regnet som første partialtone (deltone).»

Men meir enn dette: I alt vi kan høyre. I all slags sus og dåm. I fossebrus. I tusen knastrande bildekk sine møte med asfalten. I plystrande strømstrenger, i fallande snø, og i stemma som er di og mi.
Overtonar: Kom til fossen. Sett deg, lytt! Så mange songar, alle på ein gong. Finst vel ikkje betre læremeister enn fossegrimen?

«The Banisher of Thought» er Andreas Daugstad Leonardsen sin eksperimentelle dokumentarkortfilm om ei gløymd arv. Gjennom ei meditativ reise frå isolerte norske dalar til Indias Tar-ørken, utforskar han ein tidlaus og løynd vev av munnharpemusikk som gjev menneske frå heile verda eit slektskap. Ein film om å sjå på det vi overser, til det vert omskapa og opnar seg. Ei løynd verkelegheit síg ut. Filmen inngår i programmet til Kortfilmfestivalen i Grimstad, og Hong Kong Arthouse Film Festival.

Torgeir Vassvik om seg sjølv: « I am a Coastal Sámi artist and my soundscapes mirror this landscape, I have an innovative music project where the unique Sámi Joik is the foundation of the unfolding experience. Undoubtedly, Joik comes from ritual practice. Animism is the core in Sámi culture. My music is a fortunate combination of elements from East and West.»

Med ei seig og groovy tolkning av gamle slåttar vann Kenneth Lien klassa for munnharpe under Landskappleiken i 2015. Han er multi-instrumentalist og biletkunstnar, og er sermerkt ved ei insistering på å utforske det tidlause, det stadlause og det suggererande i spelet sitt. I kveld speler han langeleik og munnharpe.

Sheriffs of Nothingness er ein strykarduo som består av Kari Rønnekleiv og Ole Henrik Moe, som saman og kvar for seg lenge har gjort seg bemerka innafor nymusikken. Saman vann dei Spelemannsprisen for beste samtidsmusikkalbum i 2007. På fiolin og bratsj byggjer dei ein tett og intrikat vev av klanglege teksturar, og med eit bein i leiken og det andre i djupet der all musikk kjem frå, står dei støtt planta som nokre av landets fremste utøvarar av samtidsmusikk.

Vel møtt!
Programmet byrjar presis.
Inngang: 100 kr
Student/honnør: 50 kr

Relaterte saker