Arrangementet er fullført.
Teaterlaget i Bondeungdomslaget set opp «Eit annonsert mord» av Agatha Christie med Frøken Marple på rollelista.
Handlinga finn stad i den engelske småbyen Chipping Cleghorn. I lokalavisa er det rykka inn ei annonse der det står: «Det meldast med dette om eit mord som skal finne stad på fredag, 13. oktober på Little Paddocks kl. 19.00. Vener, venlegast aksepter dette, det er det einaste de får vite». Vi fylgjer dei som bur i Little Paddocks eller er knytt til staden i tida fram til denne mystiske hendinga. Velkjente Frøken Marple er også med. Ho hjelper til med å finne ut kvifor det er satt inn ein annonse og andre mystiske hendingar som skjer i det vesle pensjonatet Little Paddocks,
Teaterlaget i BUL Oslo vart skipa i 1914 og har sidan då vore eit aktivt amatørteater med nynorsk som scenespråk. For tida er 22 skodespelarar aktive i laget. Den yngste er 20 og den eldste vert 68 i år.
Tilrettelagt for scene av Leslie Darbon
Omsett til nynorsk av Runa Kvalsund
Regi: Fredrik Elfstrand
Pris: 150 kr / 75 kr (honnør, barn, student)
I et fargerikt og levende univers, fylt med gjenkjennbare og morsomme referanser for store og små, er det endelig tid for Bukkene Bruses sydentur.
Ei forteljing om venskap, håp og det å stå opp mot dei vaksne. Regissør Catrine Telle ønsker å plassere historia om Ronja i ein moderne ruin med krig og urettferd som bakteppe.