Søk i Aktiv i Oslo

Dramatiserte lesingar på Det Norske Teatret hovedbilde

Dramatiserte lesingar på Det Norske Teatret

Dramatiserte lesingar på Det Norske Teatret 

Dramatiserte lesingar

I samarbeid med Oslo Internasjonale Teater presenterer Det Norske Teatret våren 2012 heile 5 nye, spennende, internasjonale samtidstekster.

Gjennom dramatiserte lesinger på Scene 3, vil publikum bli kjent med en del av de viktigste samtidsstemmene i verden i dag. Skuespillerne og regissørene vil arbeide i 4 dagar før de presenterer resultatet for publikum. Det vil også bli åpnet for ordskifte i tilknytning til tekstene.

Billettpris: 200,-

Bestill billetter til Dramatiserte lesingar på Nationaltheateret >>

The Diamond Stars
av Maya van den Heuvel-Arad (Nederland/Israel)

Omsetjing: Unn Catodotter Fyllingsnes
På utsida av ein skyskrapar heng Seifu og Amadu, to flyktningar frå Sierra Leone. Dei har vorte samde om å ikkje snakke om fortida; det er korkje tida eller staden for eit oppgjer. Medan dei vaskar vindauga følgjer dei med på ei anna og utilgjengeleg verd av velståande forretningsfolk. Stykket utforskar avstand og nærleik på mange nivå; sosialt, økonomisk, politisk og geografisk, gjennom ein sterk visuell metafor. Verda vert kanskje mindre, men nokre avstandar verkar uoverstigelege. Og kor lenge kan dei halde fortida på avstand?

Maya van den Heuvel-Arad (Nederland/Israel) har base i Amsterdam og har skrive for både teater og TV, på hebraisk og engelsk. Med The Diamond Stars vann ho UNESCO sin dramatikkonkurranse i 2010.

Amadu: Daniel Rodrigo Nilsen
Seifu: Emil Rodrigo Jørgenesen
Avdelingsleiar: Øyvin Berven
Tekstforfattar 1: Rune Løding
Tekstforfattar 2: Nina Woxholtt

Fixer
av Lydia Adetunji (britisk-nigeriansk)
Omsetjing: Rønnaug Kleiva

I eit lite land i Nord-Afrika svermar journalistar, menneskerettsforkjemparar og forretningsfolk rundt fiksaren Chuks. Kvifor? Fordi alle trur han kan setje dei i kontakt med dei maskerte, tungt bevæpna mennene som har sett fyr på oljeleidningen som vert bygd gjennom landet. Oljeselskapet er svært interessert i å få formidla sitt syn på saka: At nærveret deira er til det beste for det fattige landet. Andre meiner dei ranar landet for naturressursar i beste kolonitradisjon. Chuks fiksar ting – han har kontaktar, han veit kva journalistar er ute etter, og han veit å snakke for seg. Men kan han eigentleg setje nokon i kontakt med banden? Og kjem han tilå selje tenestene sine til oljeselskapet, journalisten eller aktivisten?

Lydia Adetunji er ei av dei største stjernene i nyare politisk teater i Storbritannia. Ho slutta som journalist da ho vann Almeida Theatre’s Write Competition i 2006. Fixer er det første heilaftans skodespelet hennar og vert halde fram som eit framifrå døme på internasjonalt teater.

Chucks: Banthata Sidzumo Mokgoatsane
Dave: Torgny Gerhard Aanderaa
Laurence: Kingsford Siayor
Sara: Kristine Rui Slettebakken
Jerome/Mann i flip-flops: Jon Eivind Gullord
Resepsjonist/Mann med solbriller/
Mann i treningsdress: David Allen

Clybourne Park
av Bruce Norris (USA)

Omsetjing: Marit Tusvik
Hovudpersonen i Clybourne Park er eit hus i eit nabolag i Chicago. Vi blir kjende med det på 50-talet, når eit kvitt ektepar er i ferd med å selje det til ein svart familie, noko nabolaget likar dårleg. Femti år seinare vil ein kvit familie flytte inn i huset, i det som med tida har vorte eit svart nabolag. Ikkje overraskande, møter også denne familien motstand i lokalsamfunnet. Mykje er annleis, men konfliktane er påfallande stabile; kven likar eigentleg tanken på framande i nabolaget sitt? Både framandfrykt og mangel på kunnskap kan pakkast inn i eit lettfordøyeleg, danna språk og presenterast som eit ønske om det beste for fellesskapen. Med skarpt blikk for humoren i dei konstante freistnadene våre på å dekkje over den underliggjande framandfrykta, skildrar Bruce Norris to svært ubehagelege situasjonar med hysteriske utfall. Gjennom ei nær og humoristisk forteljing gir dramatikaren oss eit nytt blikk på vår eiga tid og vårt eige forhold til det framande, og han går heilhjarta inn for å avsløre eigne og andre sine fordommar. Stykket vann i 20011 både Pulitzer-prisen (USA) og The Olivier Award – Best New Play (UK).

Bruce Norris, dramatikar og skodespelar, er ei omdiskutert stemme i amerikansk teater. Med spissformulert dramatikk set han fingeren på eit av problema som vestlege samfunn slit med: Manglande kjennskap til andre kulturar enn vår eigen, trass i at desse kulturane eksisterer side om side med oss.

Russ/Dan: Yngve Berven
Bev/Kathy: Elisabeth Sand
Francine/Lena: Terese Mungai
Jim/Tom: Sveinung Oppegaard
Albert/Kevin: Kingsford Siayor
Karl/Steve: Torgny Gerhard Aanderaa
Betsy/Lindsey: Kristine Rui Slettebakken

hamlet er død. inga tyngdekraft
av Ewald Palmetshofer (Austerrike)
Omsetjing: Astrid Sverresdotter Dypvik

Søskenparet Dani og Mani oppdagar at vennene deira er gifte med kvarandre og dei er etterlatne med ingen. Stykket handlar om å vere utanfor i sitt eige liv. Om korleis verda har gitt opp, bortsett frå bestemor som nektar å døy, til fortviling for alle, og korleis politikk ikkje eksisterer utanom det du føler.

Ewald Palmetshofer er den mest spennande, nye stemma i austerriksk teater nett no. hamlet ist tot. keine schwerkraft har provosert og utfordra det tysktalande publikummet og har vunne fleire prisar sidan det kom i 2007.

Caro: Elisabeth Sand
Kurt: Per Schaanning
Dani: Elisabeth Hagli Aars
Mani: Sveinung Oppegaard
Bine: Kirsti Stubø
Oli: Torgny Gerhard Aanderaa

Fem dagar i mars
av Toshiki Okada (Japan)
Omsetjing: Anne Lande Peters

Stykket tek for seg den manglande evna (og uviljen) individet har til å møte globale hendingar. Hovudpersonane har teke seg ein fem-dagars fyllefest og orgie. I bakgrunnen går det føre seg ein antikrigs-demonstrasjon som dei observerer, men dei har ingen føresetnad for å engasjere seg i han.

Toshiki Osada er spesielt kjend for bruken av hyper-realistisk japansk daglegtale og vert lagt merke til både innan teaterverda og i litteraturmiljøa for den særmerkte omgangen sin med språk. Han starta teaterkompaniet cheltfitsh i 1997 og har vunne fleire prisar for arbeidet sitt med både dramatikk og romanar.

Mannleg skodespelar 1: Huy Le Vo
Mannleg skodespelar 2: Rune Løding
Mannleg skodespelar 3: Yngve Berven
Mannleg skodespelar 4: Espen Løvås
Mannleg skodespelar 5: Sveinung Oppegaard
Kvinneleg skodespelar 1: Ida Løken
Kvinneleg skodespelar 2: Kirsti Stubø

 
SPILLEPLAN:
Tir 15.mai  The Diamond Stars
Ons 16.mai  The Diamond Stars
Ons 23.mai  Fixer
Tor 24. mai  Fixer
Fre 25. mai  Fixer
Tor 31.mai  Clybourne Park
Fre 1. juni  Clybourne Park
Lør 2. juni  Clybourne Park
Ons 6 .juni  hamlet er død. inga tyngdekraft
Tor 7. juni  hamlet er død. inga tyngdekraft
Ons 13. juni  hamlet er død. inga tyngdekraft
Tor 14. juni  Fem dagar i mars
Fre 15. juni  Fem dagar i mars
Lør. 16. juni  Fem dagar i mars

Relaterte saker

Eventbilde: Fantorangen på teater – Oslo Nye
tirsdag
11:00

Fantorangen på teater – Oslo Nye

Endelig kan barna møte Fantorangen, Pivi, Fantus og Maurora på teaterscenen!

Eventbilde: Tante Ulrikkes vei
tirsdag
19:30

Tante Ulrikkes vei

En fortelling om det mange ikke ser, den politisk korrekte elitens blindsone. Når debutboka til Zeshan Shakar nå blir dramatisert, skjer det på scenen som ligger kun et steinkast unna.

Eventbilde: Oslo Ung 2024
torsdag
00:00

Oslo Ung 2024

Oslo Ung (tidl. Rampelysfestivalen) er en nasjonal teaterfestival for og med barn og unge, og er Norges største i sitt slag.