Are Kalvø – Hyttebok frå Helvete hovedbilde
lørdag 
Bærum Kulturhus

Are Kalvø – Hyttebok frå Helvete

Ein komikars motvillige forsøk på å lære seg å elske naturen.

Ein komikars motvillige forsøk på å lære seg å elske naturen. Are Kalvø er ein nordmann som ikkje verkar. Han vaks opp midt i eit postkort på Vestlandet, omgitt av fjordar og fjell som folk reiser halve kloden rundt for å oppleve, med turmuligheiter på alle kantar. Likevel har han aldri blitt ein naturens mann. Han flytta til byen og såg seg aldri tilbake.

Dette har aldri vore eit problem. Før no. For nokre år sidan begynte Kalvø å miste venner til naturen. Gode venner, som før alltid var med på pub for å prate tull, begynte plutselig å gå i fjellet, legge ut bilde av skispor, og i fullt alvor seie sånt som at det berre er i møte med naturen at du forstår kor liten du er.