Arrangementet er fullført.
Å ha ei mamma som er Dronning og verdas vakraste, å bu på eit slott med eit heilt hoff parat til å hjelpe med alt mogleg, å vere prinsesse – det høyrest ut som eit eventyr. Og slik er det for Snøkvit.
Snøkvit og mammaen hennar speglar seg i speglar og i kvarandre og er lykkelege. Heilt til den dagen Snøkvit plutseleg synest prinsessekrona er i vegen og kjolebandet strammar og ho vil gjere noko heilt anna – på sin eigen måte. Ho vil for eksempel utforske den hemmelege verda utanfor spegelslottet, der gartnarguten Jan Grøn held til. Dronninga synest det er ein dårleg ide. Ho vil at Snøkvit skal sjå seg i spegelen og øve på sjølv å bli verdas vakraste.
Maria Tryti Vennerød og Julian Skars spegelvende Snøkvit-musikal er basert på det kjente eventyret til brørne Grimm. Samtidig er denne historia heilt ny; Snøkvit tar eit oppgjer med si eiga mor og med seg sjølv. Ho vil finne ut kven ho er og kva som er hennar sanning.
Framsyninga er tilrådd frå 6 år.
Langåpent museum hver torsdag. Grip muligheten til å nyte Teknisk museum også på kveldstid!
Hver fredag er det Friends Friday som vil si at du får 2 for 1 på SNØpass, og medlemmer kan ta med seg en venn gratis.
Festivalen samler brassband fra hele Norge til en konkurranse hvor konsertopplevelsen står i sentrum.