Arrangementet er fullført.
Romeo og Julie er tenåringar og sprengfulle av kjensler. Dei veit enno ikkje heilt kven dei er, men kjenner seg annleis enn andre. Familiane deira har lege i krig så lenge nokon kan hugse. Ingen veit lenger kvifor. Dei lever begge i byen Verona, i eit overklassemiljø prega av brutalitet og maktspel. Midt i valden og blodsutgytinga finn dei to kjærleiken; Romeo av huset Montague og Julie av huset Capulet. I kvarandre finn Romeo og Julie eit anna menneske som forstår og godtar dei for den dei er. At dei to ikkje kan få kvarandre gjer berre tiltrekkjinga sterkare. Og farlegare. Forelskinga blir ei flukt frå den harde verkelegheita dei er vane med og eit opprør mot foreldra – ei hemmeleg pakt som nesten ingen andre veit om.
Shakespeares Romeo og Julie er ungdommeleg kjærleik. Denne gongen er det Axel Gehrken Bøyum, kjend frå NRK-serien Øyenvitne, og den ferske skodespelaren Kjersti Dalseide som spelar dei unge elskande. Regien er ved Maren Bjørseth, som er utdanna i Nederland. Ho har skapt ei visuell og humoristisk framsyning med vekt på ungdommelege kjensler. Det blir fest med sofistikert housemusikk, discolys, konfetti og maskespel. Og så klart blod – og død.
Alder:
Vi tilrår framsyninga frå 13 år.
Reisen til julestjernen er en klassisk juleforestilling som er en viktig del av juletradisjonen i Norge. Vil de gode kreftene seire denne julen også?
Analog Champagne er Martin Beyer-Olsens første soloshow! Ta med deg vennegjengen og start det nye året med standup og mye latter.
Endelig er tiden inne for at en heterofil mann fra Oslo vest, i sin nesten beste alder, kan innta scenen og snakke om det han synes er viktig. I disse skjøre og krenkbare tider er det dette Norge trenger. Det syns i hvert fall Jonna.