Søk i Aktiv i Oslo

Arrangementet er fullført.

Ta meg med // Teaterkjellern hovedbilde
lørdag 
21:00

Ta meg med // Teaterkjellern

ntso

“Ta meg med” – ein hyllest til Olav Stedje og nynorsken

“Ta meg med, eg har fortjent ein kvil” sang Olav Stedje med si lune røyst på velklingande Sogndals-dialekt tilbake i 1981. Over 35 år etter spelar dei kjære tekstane og tonane hovudrolla i Jesper Edvardsens forestilling “Ta meg med”.

Dette blir ein hyllest til Olav Stedje såvel som dialekten han fører, framført som eit livsløp av skjemt og alvor, kjærleik og oppbrudd, opp- og nedturar.

På 80-tallet var nynorsk alt anna enn trendy og kult. Gjennom Stedjes fyrste plate «Ta meg med» fekk Stedje fram det vakre i dialekta si. Dette har inspirert Jesper Edvardsen til å lage eit takkeshow til Sogn og Fjordane sin store artist. «Vi fekk tidvis høyre at vi hadde ein rar og stygg dialekt, og til slutt trudde vi på det sjølve», seier Jesper. Men noko skjedde då Olav Stedje kom med sitt fyrste album. «Eg forsto då at austtlendingene tok feil – og at dialekt er vakkert», seier artisten videre.

Gjennom eit langt artistliv har Stedje med sin sikre signatur levert rundt eit dusin sterke plater. “Ta meg med” er ei reise gjennom Stedjes stødige katalog av varme, tidlause og velklingande viser og poplåtar fortalt gjennom Jesper Edvardsen sine auge. Musikken er vidare tonesett av erfarne musikar som veit å ta vare på Sogn og Fjordane sin kulturarv. Band med Johan Os Stave, Odd Inge Rand, Christian Lund, Richard Johnsen.

Relaterte saker

Eventbilde: Hemsing, Müller-Schott & Stadtfeld
onsdag
19:00

Hemsing, Müller-Schott & Stadtfeld

Eldbjørg Hemsing fronter internasjonal klavertrio med Beethoven, Grieg og Tsjaikovski på konsertprogrammet.

Eventbilde: O’Connor’s Irish Pub – Opening Party!
torsdag
17:00

O’Connor’s Irish Pub – Opening Party!

Gjør deg klar til å oppleve en smak av Irland her i Oslo. Bli med på den store åpningen av O’Connor’s Irish Pub!

Eventbilde: Jubileumsforestilling på Bærum Kulturhus
lørdag
18:00

Jubileumsforestilling på Bærum Kulturhus

Jubileet blir markert med en storslått forestilling med dans og musikk fra Bærums brede og rike kulturliv.