Arrangementet er fullført.
Ei forteljing om venskap, håp og det å stå opp mot dei vaksne.
Den natta Ronja blir født, gjer eit bombeangrep at heimen hennar blir delt i to. Ronja Røvardotter er ungen til røvarhøvdingen Mattis, og ho veks opp midt i røvarbanden som det einaste barnet. Krigen held fram med å herje der ute, men stort sett på avstand.
Men så flyttar erkefienden til Mattis, Borka og røvarbanden hans, inn i den andre delen av borga dei bur i, og plutseleg er også heimen til Ronja blitt åstad for krangel og bråk. Utanfor borga brenn verda, men likevel vågar Ronja seg ut og tar til å utforske. Ein dag møter ho sonen til Borka, Birk, og dei to blir som bror og søster – til fedrane si store fortviling.
For å kunne vere i lag, og som ein protest mot krigen mellom foreldra, rømmer dei ut i skogen. Blant villvette og grådvergar vil dei to leve i fred med kvarandre. Men kan familiane deira nokon gong legge vekk stridsøksa? Og er det plass til to høvdingar i borga? Kanskje trengst det to modige barn for å skape endring.
Astrid Lindgrens barneklassikar Ronja Røvardotter er eit frodig eventyr om korleis det er å vere barn i ei kaotisk tid, om å kjempe for det ein meiner er rett, og om livsmot, venskap og å vilje forandre verda.
Mange barn har det som Birk og Ronja
Regissør Catrine Telle ønsker å plassere historia om Ronja i ein moderne ruin med krig og urettferd som bakteppe. Mange barn i verda veks opp under slike forhold i dag. Trass i omstenda blir det leika, levd og danna venskap – også på tvers av konfliktane som går føre seg mellom dei vaksne. I ruinane av krig og død veks det opp tre og blomar.
Passar frå 8 år.
En utstilling som må oppleves av nysgjerrige sjeler i alle aldre. Den skal appellere til sanser, følelser og intellekt, ved å vise hva som er i ferd med å skje med havet.
Hønse-Lovisas hus er kjent for sin sagnomsuste gode vaffel, men menyen inneholder mye mer! Nyt nøye utvalgte og smakfulle retter i idylliske omgivelser.
Runderidning er ponniridning for barn fra 1 til 12 år. Runderidningen foregår i en egen arena hvor ponniene leies en runde med leier fra EKT.