Søk i Aktiv i Oslo

Arrangementet er fullført.

Litteratur, teater – eit seminar om Jon Fosse sin forfattarskap hovedbilde
tirsdag 
09:30
Nasjonalbiblioteket

Litteratur, teater – eit seminar om Jon Fosse sin forfattarskap

Jon Fosse er ingen vanleg norsk forfattar. Han er bland dei mest spelte dramatikarane på den europeiske teaterscena. Romanane hans haustar lovord over heile verda. Han vert rekna som aktuell kandidat til Nobels litteraturpris.

Gjennom førti produktive år har Fosse endra den litterære forståinga vår av tid og rom, viska ut grensene mellom sjangrar, karakterar, liv og død, draum og røyndom. I samband med Den internasjonale Fossefestivalen inviterer Nasjonalbiblioteket til Fosse-seminar 5. og 6. september 2023 for å diskutere Fosse frå to perspektiv, det litterære og det sceniske.

Program tysdag 5. september

9.30: Velkomst
9.45: Merve Emre, Professor Wesleyan University and Director of the Shapiro Center for Creative Writing and Criticism: Global Fosse (presentasjonen vert gjeven på engelsk)
10.30: Kaffe
10.45: Tom Egil Hverven, litteraturkritikar og forfatter: Skriving som innsikt. Om gnosis i «Septologien», og om å finne ei slags tilhøyrsle, ein stad å være til, ved å skrive på nynorsk
11.30: Litterær popup
12.00: Lunsjpause*
13.00: Christine Hamm, professor UiB: Menn frå bygda. Kjønn, klasse og kunst i «Naustet» og «Septologien»
13.30: Marius Wulfsberg, forskningsbibliotekar Nasjonalbiblioteket: Kva er ikkje eit spørsmål. Om døden i «Kvitleik»
14.00: Kaffe
14.15: Trond Haugen, forskningsbibliotekar Nasjonalbiblioteket: Historia om eit internasjonalt gjennombrot. Jon Fosse i kritikkhistorisk lys
15.00: Avslutning

Se mer program her.

*Servering av lunsj er ikkje inkludert i påmeldinga. Ein kan få kjøpt lunsj i Nasjonalbibliotekets kantine eller i Kafé Å.

Som deltakar på Fosse-seminaret kan vi også tilby deg 50% rabatt på billettar til Den internasjonale Fossefestivalen.

https://www.detnorsketeatret.no/framsyningar/den-internasjonale-fossefestivalen

Kampanjekode: fosse50

Gjeld alle framsyningar under festivalen.

Foto: Tom A. Kolstad, Det Norske Samlaget

Relaterte saker

Eventbilde: Kurs i mexikanske tacos
onsdag
17:00

Kurs i mexikanske tacos

Lag taco som i Mexico! Kulinarisk Akademis kokker lærer deg hvordan du enkelt kan lage hjemmelaget taco helt fra bunnen av, uten noen ferdigprodukter.

Eventbilde: Guidet ølsmaking
lørdag
17:30

Guidet ølsmaking

Lær om historie, hvordan øl lages og forskjellige øltyper, i tillegg til råvarer og servering. Det er sosialt, uhøytidelig og morsomt, og passer for alle.

Eventbilde: Pastakurs
mandag
17:00

Pastakurs

Kokker på Kulinarisk Akademi lærer deg hvordan du enkelt kan lage pasta fra bunnen av og gir innspill på hva som passer til.