Arrangementet er fullført.
Korleis påverkar det familien når eitt av barna har spesielle behov?
Får alle barna like mykje merksemd og kjærleik i ein familie der eitt av barna har spesielle behov? I mange tilfelle gir nok svaret seg sjølv. Mor og far strekk ikkje til. Det eine barnet krev for mykje. I BROR (LIVET #3) blir publikum vitne til eit opprivande familieoppgjer mellom dei vaksne barna og mora om korleis dei har opplevd oppveksten med ei psykisk utviklingshemma søster.
BROR (LIVET #3) av Goksøyr&Martens,
Det Norske Teatret
Ein familie er samla rundt faren, som ligg på sjukeheimen på det siste. Den nest minste dottera har fått alt fokus frå foreldra, og krev det framleis. Dei to eldste døtrene er blitt veldig sjølvstendige og flinke jenter, men taklar ikkje familielivet spesielt bra. Veslebroren har som vaksen ikkje kontroll på livet, og har sjølv ein son som er i ferd med å utvikle åtferds- og lærevanskar. Kan det vere ein samanheng mellom korleis barna har blitt som vaksne, og korleis deira behov ikkje hadde nokon plass i barndommen?
Barna konfronterer mora som fortvilt prøver å forsvare og forklare seg: Kvifor spurde aldri foreldra korleis dei hadde det da dei var små? Korleis trur ho det var å tilbringe heile sommarferien i Legoland som 16-åring fordi veslesøster synest det var topp? Og kvifor reagerte dei ikkje da broren blei mobba på skolen?
Filmatisk teateroppleving
Regissørane Camilla Martens og Torill Goksøyr har arbeidd med livsfrisa med overskrifta LIVET i over eit tiår, og dette er den fjerde framsyninga, men den tredje delen i prosjektet. I LIVET tek dei for seg ulike livsfasar og gjenkjennelege problemstillingar frå nære relasjonar. Manus er alltid utarbeidd på bakgrunn av research og observasjon som metode. Den førre produksjon i serien var ein gåtur gjennom byen der publikum gjekk med hovudtelefonar. Denne gongen kombinerer dei dette grepet med fugleperspektivet dei har nytta tidlegare. I første del av Bror skal publikum gå i byen og sniklytte til ein samtale mellom ein far (broren), og sonen hans. I dei neste delane skal publikum inn i teateret og vere vitne til handlinga frå fugleperspektiv, plasserte i eit stillas over scenen med hovudtelefonar på øyra. På denne måten kan Goksøyr&Martens med filmatisk presisjon styre kva publikum høyrer og ikkje, men likevel få med seg alt som hender og komme svært tett på handlinga og oppgjeret som speler seg ut rett nedanfor føtene deira.
Foto: Kim Hiorthøy
Opplev Hamlet, teaterhistoriens største klassiker, aktualisert i en verden av politisk kaos – i Johannes Holmen Dahls renskårne regi.
Komikernes egen testplattform for standup, sketsj, karakter, sang – hva som helst. Her får du oppleve splitter nytt materiale bli presentert for aller første gang.
Et stand up show om livet, døden, Mømfi (hunden til Martin), traumer og det å prøve å være et godt menneske.