Søk i Aktiv i Oslo

Arrangementet er fullført.

Fattig kunst – rik arv. hovedbilde
søndag 

Fattig kunst – rik arv.

Fattig kunst – rik arv. Arte povera og parallelle praksiser 1968–2015

Fattigkunst-rikarv_pning16

13. mars 2015–14. august 2016

Museet for samtidskunst

NB! Delar av «Fattig kunst rik arv» er tatt ned for å gjere plass til utstillinga «Anna-Eva Bergman. Grafisk univers».

Denne tematiske samlingsutstillinga tar utgangspunkt i arte povera-rørsla, som representerer eit av dei mest sentrale samlingsområda til museet. Vi vel difor dette fokuset no, 25 år etter at Museet for samtidskunst opna dørene for publikum. 2 500 av Nasjonalgalleriets og Riksgalleriets kunstverk frå tida etter 1945 var grunnlaget for samlinga som i dag tel over 5 000 norske og internasjonale verk.

For siste gong stiller vi ut gullet i samlinga i den ærverdige, tidlegare Norges Bank-bygningen, før vi flyttar inn i det nye Nasjonalmuseet på Vestbanen. I tillegg til ei rekke arte povera-verk, viser utstillinga arte povera sin slektskap til samtidige praksisar innan konseptkunst, land art og postminimalisme. Utstillinga set også søkelys på nyare verk som tydeleggjer at kunstdebattane på 1960-talet framleis har relevans for yngre kunstnargenerasjonar.

Det blir eit gjensyn med Gilberto Zorio sin installasjon Uten tittel (Kano) – ein merkeleg transformasjon av energi, alkymi, boblande kjemi og gjennomtrengande lyd – og Michelangelo Pistoletto sin berykta installasjon Image and Body som består av museet sine gamle møblar som er snudd opp ned. Publikum får også oppleve den vakre igloen til Mario Merz – ein stor installasjon i glas og neon, med duftande kvistar. 

Fattig kunst

Utgangspunktet for arte povera var dei politiske protestrørslene på slutten av 60-talet, som studentopprør og borgarrettskamp, ein generell opposisjon til forbrukarsamfunnet og ei aukande kommersialisering av kunstverda. Omgrepet arte povera vart introdusert av den italienske kunstkritikaren Germano Celant som arrangerte utstillinga «Arte Povera – Im Spazio» med ei lita gruppe unge, italienske kunstnarar i 1967. Kunstnarar som Michelangelo Pistoletto, Giovanni Anselmo, Pier Paolo Calzolari, Jannis Kounellis, Giulio Paolini, Guiseppe Penone og Mario Merz representerte noko nytt og grenseoverskridande, og den kunstnariske praksisen deira var nært beslekta med amerikansk konseptkunst, antiform og prosesskunst. Dei utnytta til fulle samtidige uttrykksformer som happenings og installasjonskunst. 

Arte povera-kunstnarane sin praksis var både konseptuell og sensuell, poetisk og jordnær. Dei tematiserte og kommenterte både fortida og notida, naturen og kulturen, og «høg» og «låg» kunst. Fleire av verka appellerte til publikums sansar: lukt, berøring, lys og temperatur. Kunstnarane jobba med ulike materiale; dei samanstilte industrielt framstilte gjenstandar som neonlys, glas og klede med organiske, naturlege materiale som grønsaker, levande dyr, jord, ild og vatn. Arte povera representerer ikkje ein fattig eller utarma kunst, men ein kunst som er skapt i komplett fridom og openheit i forhold til materiale og prosess.   

Rik arv

Arte poveras tankeinnhald, materialhaldning og arbeidsprosessar har hatt betydning for samtidskunstnarar dei siste 40 åra. Dette blir gjenspegla i samlingshistoria til museet, som både inkluderer betydelege arte povera-verk og beslekta praksisar innan land art, postminimalisme og konseptkunst. Ei rekke viktige norske og internasjonale kunstverk utgjer den rike arven der resonans frå arte poveras innverknad er tydeleg. Publikum vil, gjennom ei vandring i utstillinga, både sjå museets arte povera-verk og ha moglegskap til å samanlikne og oppdage parallelle praksisar som Camilla Løws og Kristina Bræins leik med minimalisme, Ida Ekblads skulpturar av funne søppelmateriale, «det formlause» hos Camilla Wærenskjold og Jeannette Christensen, og ei kritisk og konseptuell tilnærming hos Matias Faldbakken, Gerard Byrne og Mario García Torres.

Les mer her >>

Relaterte saker