Søk i Aktiv i Oslo

Den mangfaldige scenen: opptak av barn og ungdom til teaterkurs og -produksjonar

Publisert: 16.01.2018 10:46

ntso

Den mangfaldige scenen (DMS) er eit barne- og ungdomsteater der unge mellom 6 og 28 år får uttrykke seg, lære og skape teater.

Teateret tar utgangspunkt i den store og varierte kulturelle rikdommen som unge har med seg, og gi kvar enkelt høve til å ta i bruk og utvikle sine skapande evner i samarbeid med kunstnarar.

20.–21. januar har vi auditions:
– Improvisasjon med Morten Olaussen (20.1 kl. 12.00)
– Danseprosjekt med Edwin Cabascango (21.01 kl. 12.00)
– Teaterproduksjon med Erlend Samnøen og Morten Espeland (21.1 kl. 15.00)
– Teater etter Stanislavskij og å finne fram til eige uttrykk ved Shwan Wahed og Anders Nordhammer (21.1 kl. 18.30)

For meir informasjon om aldersgruppe for dei ulike auditions og forventningar kan du sjå her >>


Rosenkrantz’ gate 8
0159 Oslo